Hei!
Eg heiter Reidun og er 36 år.
Eg kjem i frå Jondal i Hardanger og har 3 barn på 9, 7 og 5 år. I haust flytta me til Stord fordi eg skal gå på lærerskulen. Sidan eg aldri har vore på Stord før vart eg svært overraska over å finna ut kor flott det er her! Tenkjer me kjem til å lika oss her!
Etter vidaregåande har eg jobba en del i daglegvarebutikkar og på Jondal aldersheim har eg fått prøva meg både som heimehjelp, vaskeri, vaskehjelp og kokk. Dei siste par årene har eg jobba som drosjesjåfør og då mest med å kjøre folk til og fra sjukehus. I fritida mi likar eg å halda meg i ok form, så eg må finna ut kva eg kan driva på med her på Stord;-)
-Reidun
mandag 20. august 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)