Hei!
Eg heiter Reidun og er 36 år.
Eg kjem i frå Jondal i Hardanger og har 3 barn på 9, 7 og 5 år. I haust flytta me til Stord fordi eg skal gå på lærerskulen. Sidan eg aldri har vore på Stord før vart eg svært overraska over å finna ut kor flott det er her! Tenkjer me kjem til å lika oss her!
Etter vidaregåande har eg jobba en del i daglegvarebutikkar og på Jondal aldersheim har eg fått prøva meg både som heimehjelp, vaskeri, vaskehjelp og kokk. Dei siste par årene har eg jobba som drosjesjåfør og då mest med å kjøre folk til og fra sjukehus. I fritida mi likar eg å halda meg i ok form, så eg må finna ut kva eg kan driva på med her på Stord;-)
-Reidun
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
Hei, Reidun...
Ja, Hardanger er jo ein fantastisk flott stad, men Stord vert kalla eit Noreg i miniatyr, så eg vonar du vil trivast lika godt her og?! Eg har lagt ut ei utfordring til dykk i lærarbloggen. Lukke til!
Birgit :-)
Allerede lagt merke til kor smilande du er Reidun!
Dette blir skoy! Da er masse aktivitetar du kan dra nytte av her på Stord. Ka konkret lika du og gjera på fritida?
Svømming, jogging, styrke, aerobic?
Må huska du er kome til Stord no, er ikkje noko putleri dette her ;)
Halloen Reidun.
Du har jo reist frå ei perle til ei anna perle. Betre kan det ikkje verta! Trur nok at me kjem til å trivast i lag her på Stord. Og klassen vår virka veldig flott. Og gi meg ein lyd viss du vil ut å gå tur! Det enkle er ofte det beste veit du!
Hei Reidun!
Må berre sei meg enig med deg og dei andre; Stord er ein flott stad å bu! Eg trivs så godt her at eg aldri flytta tilbake til Bergen:)Her er utruleg mange og flotte tur løyper, som eg brukar mykje. Det er berre å gje ein lyd og henga seg på. Flott for ungane og! Lykke til:)
Heisann!
Tykjer det er kjempe tøft av deg å ta med deg familien din her til Stord og starta opp på ny. Håper dykk kjem til å trivast her! :)
Hei Reidun.
Dette står det respekt av Reidun - å ta med seg familien å bli student, særleg når Stord var ubesøkt. Må frresten innrømme at eg om sommaren er Jondøl sjølv. Mesteparten av fjellføringa har utgangspunkt derifrå ser du.
Hallo!
Jeg har nå ikke vært i Hardanger så mye, men er enig med de tidligere innleggene; på Stord er det fint å bo.
Å flytte til Stord var et stort skritt for meg, den gangen vi valgte å fytte til Stord. Men jeg har aldri angret, jeg trives veldig godt her.
Jeg har selv tre barn som er på alder med dine barn, og de trives veldig godt på øyen de og.
Lykke til!
No Reidun er det tid for ei oppdatering i bloggen din. Om du treng hjelp må du stikka innom til meg ein tur...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar