OBSERVASJON !
No har me vore på praksis på Langeland skule kor me skulle observera ein elev eller ei gruppe.
Dette syntes eg var kjekt og eg fann fort ut kven eg ville observera.
Praksisgruppa mi fekk vera med i sjette klasse og berre etter fyrste dagen kunne me konstatere at dette var ei kjempeklasse!
Eg har valgt å observera både elevar, lærarar og skulen inne og ute.
Det blei ei mjuk start på oss med denne observeringa, og eg fant fort ut kven eg ville observera. Det blei ein gut i sjette klasse. Observerte etter kort tid at han var blant dei beste i klassen. Han er rask, flittig, pliktoppfyllande og samstundes nøyen. Var imponert over kor rask han var i matte, for dei skulle få skriva navnet sitt på tavlen når dei var ferdige med oppgåver. Han presterte å véra opp på tavlen tre gonger mens fortsatt over halve klassen ikkje hadde vore opp éin gong. Eg fulgte med denne eleven i to dager og kunne sjå at han har det greit på skulen, både i timene, kor han svara ivrig, og i friminuttane kor han leika saman med mange.
Denne eleven går i same type kle som resten av klassen; dongeribukser og hettegenser. Han er òg rein og fin.
Læraren deira er ei veldig rolig og dyktig lærar etter mitt syn. Ho holder ro i klassen ved bruk av musikk og anna, og ho roser elevane mykje. Eg la merkje til at ho kunne sei "eller?" istadenfor at det svaret var feil. Då kunne dei få ein sjanse til eller nokon andre kunne få svara.
Denne skulen ser litt gamal og sleten ut. Alle borna tok av seg på beina når dei skulle inn i klassen, men det var dårleg tilrettelagt for dette ute på gongen. Det vart til at me snubbla i sko...
Kunne kanskje vore betre lufting i klasseromma?
Ellers syntes eg det var praktisk at lærarane har god oversikt over skuleplassane på begge sider, når dei sit inne og tek seg ein kopp kaffi.
Med denne erfaringen eg har gjort meg ved å observera andre, gjer det meg nokre tankar.
Me gjer oss opp tankar veldig fort og det er ikkje sikkert at me har så veldig rett i det me kan sjå?Det som er på innsida av oss menneske kan ingen sjå. Kva me har opplevd er det ingen som kan sjå på oss med mindre me har "symptomer" som er lett å lesa.Me har alle tanker og følelser og me lærer tidleg å skjule ting.
Og då lurer eg på korleis EG vert oppfatta av andre på så kort tid? Og så det store spørsmålet: Har dei rett??
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar