mandag 10. september 2007

KVIFOR LÆRAR????
I vår tok eg mot til meg og bestemte meg for å få meg meir utdanning, og då var jo det store spørsmålet: kva skal eg bli og kva passer eg som. Dette tykte eg var veldig vanskjeleg, så derfor valgte eg tre forskjellige yrke. Eg hadde ynskje om å hjelpa folk og jobba saman med folk, og det enda opp på førstevalget mitt som var lærar. Dei som kjenner meg godt, meinte eg passa til å bli lærar og eg fekk nokre argument på kvifor eg burde gjera dette. Det hjelper sjølvsagt på sjølvtilliten med gode vener og super slekt som kan støtta og hjelpa når det trengs!
Etter fyrste dagane må eg innrømma at eg mista trua på meg sjølv, fordi det var så mange ting eg måtte ordna. Eg har tre kjekke gutar som ikkje er så store enno og dei måtte få litt tid til å sjå på skulen /barnehagen. Andre veka syntes ge også var litt tøff men ein kan jo ikkje gje opp med ein gong.
Ting som ikkje vert gjort, stressar meg og eg har lett for å laga meg for store mål for dagen. Eg har merka meg at eg får gjort mykje meir når eg ikkje har dei store måla og prøver å finna roen; akseptera at ting tar tid og at alt ordner seg til slut.
Grunnen til at eg valgte Stord var fordi eg kjenner andre som har budd på Stord og dei seier at det er eit veldig flott miljø her. Skulen her har fått veldig godt rykte og det var avgjerande for meg at eg følte meg trygg på skulen. Dessutan var eg ut her for fyrste gong i sommar for å sjå korleis Stord såg ut og eg blei imponert! Dette er ein flott plass og eg følte at eg kom til å trivast på Stord. Slik gjekk det til at eg takka ja til plassen her :-D

2 kommentarer:

Gerd Elin sa...

Hei, eg bestemte meg og for å begynna på lærarskulen no i vår. Eg synes eg var ganske modig som tok sjansen på å pendlar frå Etne til Stord kvar dag (nesten). Eg må bare sei at eg ser opp til deg som har skifta heimemiljø for både deg og barna. Du har jammen satsa. Ikkje fortvil om ting tar litt tid nå i starten. Bare stå på, så er du snart i rute.

reidun sa...

Hei Gerd! takk for kommentaren :-) Ja, eg føler vel at det kan bli litt mykje av og til, og eg må få bedre dreisen på data - så går det vel greiere. Eg manglar enno bèrbar pc, så då blir eg hengende etter. Eg synes du er tøff! Eg har sjølv prøvd pendling og da er tungt. Du får stå på! Dette skal me få til! Kjempefin klasse me går i ;-) Det hjelper det også. Eg trives med gjengen.
Reidun