Minne om en lærer som jeg husker spesielt godt
Me fekk ny lærar dette året og han var høg og slank med kvitt hår og bart. Namnet hans hugsar eg godt, for det var Rød, og slikt namn trudde eg ikkje var noko namn den gongen.
Eg hugsar at eg tykte om han heilt ifrå starten fordi han såg grei ut og var blid. Han elska å vera ute i naturen og tok oss ofte med på korte og lengre turar.
Me fekk eit eventyrleg år saman med denne læraren. Han tok oss med i skog og mark, og lærde oss om forskjellige dyr og planter.
Ein gong skulle me opp til eit vatten med mykje froskar, og me hadde teke med oss nokre store glas som me fyllte vatn på. Deretter samla me nokre froske-egg og hadde dei oppi glasa. Dette fekk me lov til å ha i klassen og me skulle få sjå utviklinga frå egg til rumpetroll.
Dette tykte me var veldig spannande men da lukta rart i klassen vår.
Om vintaren fekk me gå på skøyter på Tveitevannet, og me besøka musèer og hadde det veldg kjekt.
Om våren var me ute i skogen og fekk sjå korleis han laga seljefløyte, og det gjekk fort mot sommarferie.
Me lærde mykje dette året, og me fekk lov å utfolda oss. Fordi me hadde det så fint med denne lærar Rød, hugsar eg han speiellt godt.
Da me ikkje visste var at i femte klassen måtte me gjera ekstra mykje lekser fordi den nye læraren me fekk då, meinte me hang etter i fleire fag.. Eg hugsar igrunn henne godt også..
3 kommentarer:
Hei, Reidun...
Så kjekt å sjå at du er med på bloggen. Vi må gjerne rekna med nokre innkøyringsvanskar no i oppstarten?!
Det var ei fornøyeleg skildring du hadde av lærar Rød. Eg er ikkje i tvil om at fysisk forstring, med uteskule og naturen som klasserom er viktig, men det må sjølvsagt vera balanse mellom naturopplevingar og fagleg utbytte. Det var no godt de fekk ei som greip tak i det faglege etterpå då gjerne? Eller vart det for mykje inneskule i høve til lærar Rød?
Birgit :-)
Eg berre minner om at du må hugsa på å få med dei to innlegga som dei andre har fått publisert:
1) Kvifor lærar, og kvifor HSH?
2) Kommunikasjon og samarbeid - forrige måndag.
Birgit :-)
Hei Birgit! Jo, kjekt hadde me det i fjerde klassen men det gjekk flott i femte også ;-) ho me hadde som lærar då var veldig dyktig og flink til å lære ifrå seg. Det vart nok uheldigvis slutt på uteskule. Mange i klassen syntes ho var for streng men eg gjorde heldigvis leksene mine. Dette hadde eg utbyte av i sjette klasse då eg flytte frå Bergen, for då låg eg godt an i fagene. :-D Reidun
Legg inn en kommentar