mandag 8. oktober 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgåver
Me har hatt litt om lærarens mange oppgåver og me fekk sjå film på skulen. Filmen handla om ein lærar langt ute i ei lita bygd i Frankrike, kor læraren hadde ansvar for barn ifrå barnehage-/førskule-alder og opp til tenåringer.
Her fekk me verkeleg sjå kor mange oppgåver og stort ansvar ein lærar kan ha. Nokon av elevene hadde det tøft heime og læraren snakka med dei, og han gav dei håpet om at alt skulle gå fint. Han gav dei omsorg og var veldig rolig med dei.
Tenkjer litt på dei ti "boda" til Inge Eidsvåg, og det er heilt avgjerande for ein god lærar å like born og folk generelt sett. Når me likar nokon er det som oftast gjennsidig og då er grunnlaget lagt. Men me må tørra å visa elevene at me bryr oss også for alle treng omsorg av og til. Då kan me visa det blant anna gjennom å væra helpsam og venleg.
Læraren skal ikkje berre undervisa, gje omsorg og vera hjelpsam. Han er også nødt til å observera korleis borna har det, og han må samarbeida med foreldrene. Dersom noko verkar gale må det tas opp med foreldre eller kanskje til og med barnevernet. Dette er selvsagt ikkje noko hyggjeleg oppgåve men veldig viktig for det bornet det gjeld.
Ein må nok trena opp å verta flinkare til å observera også når me skal bli lærarar for då kan me kanskje lettare oppdaga om nokon vert mobba.
Summen av alt så skal læraren vera dyktig fagleg sett, han skal læra ifrå seg ved å vera ein god pedagog, han skal yta omsorg og han må tørra å gje beskjed om noko er gale.
Innimellom her ligg det mykje oppgåver og stort ansvar, men det er utfordrande, og samtidig trygt å veta at læraren ikkje står åleine lenger. Før i tida var nok læraren meir åleine om ting.
Leiar av skulen og andre kollegaer er tilgjengelege berre me kan innsjå at me treng hjelp av og til me også.

Ingen kommentarer: